laurdag 23. februar 2008

Ferje og tunnel

I dag skulle Håkon vere i Volda på sonesamling klokka 11. Vi for frå Hareid 9.30. Sjølv ergrar eg meg over at eg gløymde fotoapparatet. De får sjå for dykk flagga utanfor tunnelopninga og enormt med bilar. Journalistar var sjølvsagt på plass.

Vi vart svært overraska då vi såg den lange bilkøen. Det var vanskeleg å få gehør for at ein skulle ta 10-ferja. Det var litt "mot normalt". Køen var ikkje for ferjereisande. Vel over fjorden møtte vi gratisbussen med handlelystne(?) i.

Olaug og eg gjekk i kjøpesentra i Ørsta til nærare 12, medan karane var i Volda. Kundane hadde ikkje begynt å strøyme på enno.

I 15-tida braut vi opp frå Starevegen, mot normalt ikkje i forkavelse. Ein kunne slå av ein prat på tunet.

Dei verste køane hadde lagt seg då vi reiste utover. Hallinga ned mot botnen var fin. Her var det to køyrefelt. Frå botnen og opp var det brattare stigning med to felt oppover. Turen utover tok ikkje 40 minutt. Vi braut aldri fartsgrensa. Det gjekk heller i 60-70 i 80 sona.

De får vel sjå mykje om saka på nyheitene. Vi er i alle fall godt nøgde med å sleppe å ta omsyn til ferjetider. Når vi skal besøke Margrete m/fam, har det alltid vore ventetid mellom dei to ferjene. No vert reisetida ei heilt anna.

1 kommentar:

Besta sa...

Ja, vi får tru at det vert litt oftare besøk heretter.Både spontan-besøk og meir planlagde.Eg lyt vel berre bite i det sure eple og vere med under havet; det kan vel ikkje vere stort verre enn MR-maskina kva klaustrofobi angår.