søndag 17. februar 2008

Matpakkebrød

I går kom eg endeleg på å sjekke eit innslag om matpakkelaging på NRK-FrukostTV etter tips frå Signe. Der var det psykisk utviklingshemma i Asker som laga matpakkar på bestilling. Dei hadde vore på kurs med Brimi og lært om sunn mat.

Eg la merke til at dei brukte firkanta brød, og tenkte det kunne vere noko for vår kantine. Der brukar eg å lage deigar av 2 kg grovbakst og så veg elevane 80 g emne som dei trillar ut. Det er ei god øving i trilling av rundstykke, men kanskje vi kunne variere med å kjevle ut og dele opp? Desse vert litt større, og ein kan då ha både ost og skinke på i tillegg til litt grønt. Utsalsprisen hos oss vil då bli 5 kroner sidan ein må ha to pålegg. Eit vanleg rundstykke med ost eller fårepølse tek vi 3 kroner for.

32 stk
Deig:
2 pk gjær
1 liter mjølk
3 dl (kokande varmt)vatn
2 dl rapsolje

2 ts salt
1 kg sammalen kveite, grov
200 g store havregryn
800 g kveitemjøl

1. Lag gjærdeigen i ein bolle i ei stor kjøkenmaskin.
Maskina bør gå i minst 5 minutt.
2. Når deigen er heva let du maskina kna deigen til han er glatt og fin.
3. Del deigen i to og kjevle emna ca 30x40 cm.
4. Legg emna på bakepapir på bakeplata og del dei i 16 med t.d. ei deigskrape.
5. Hev til dobbel storleik.
6. Pensle med egg og dryss på havregryn. (På skulen brukar vi ikkkje egg.)
7. Steik ved 225 grader i 20-25 minutt.

Øystein og eg har nettopp smaka på baksten. Nydelege nysteikte med ost!

Utfordringa på skulekjøkenet vert oppdelinga.
Det står att å sjå kor enkelt det vert å få 16 like bitar.







4 kommentarer:

Besta sa...

Eg har laga noko liknande frå Ingers kokebok. Veldig lettvint.
NB: Fersk gjærbakst er alltid godt.
Eg har brukt pizzahjulet eller baketrinsa til oppdeling.

solveig sa...

Eg er redd for at elevane skal øydelegge teflonbakepapira, men vi kan sjølvsagt bruke dei av papir.

Besta sa...

Eg brukte ikkje papir i forma, men det er klart at deigskrapa er meir human mot former også.No ventar vi på oppskrift på MRF-sveler. Skal prøve å steike dei i pannekakejernet for moro skuld.

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette var interessant! Skal skrive ut den oppskrifta!