måndag 18. februar 2008

MRF-sveler 2

Oppskrifta datt ut av det forrige innlegget. Dette er den same oppskrifta som eg fekk tak i for ca 20 år sidan. For ca 10 år sidan kjøpte eg meg ei stor takke der eg kan steike 7 sveler om gongen.
Då steiker eg dobbel røre på under ein halv time. Oppskrifta mi har eg i hovudet. Den har forandra seg litt etter kvart som eg har fått meir erfaring.

Sveler
6 egg
1 1/2 dl sukker

1 l kulturmjølk (mørk blå, kefir vert for tamt)
1 l kveitemjøl
1 1/2 ts natron
1/2 ts hornsalt

75 g (meieri!) smør


Kommentar:
Røra bør svelle ca 1/2 time. Skal ho stå lenger bør du vente med hevemiddel og litt surmjølk.
Eg har erstatta litt av hornsaltet med natron for å ikkje risikere hornsaltsmak.
Steik sveler så store som asjettar!

Nokre rører smør og sukker før dei smør svelene.
Eg er ikkje glad i sukker som knasar, men her meiner eg det høyrer til.

Utan å fornærme nordfjordingane som les bloggen: Sunnmøringane kan dette med sveler!
Vel bekomme!

p.s
Ei anna mulegheit er å ta turen under fjorden og få smake mine sveler!

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg veit også om dei som stivpiskar eggekvitene og "skjer" dei inn i røra til slutt!
Sunnmørske sveler er det vi i Nordfjord kalla lappar i gamle dagar. Besta i Innvik steikte sveler til nons, dei var tjukke og store som tallerkar.
Dei svelene mamma laga var meir som pannekaker, men steikte i nesten fettfri panne. I boka Fjordamat 1 finn ein oppskrift på tynne sveler frå Eid.

ortentrovag sa...

Viss eg lagar eggedosis, får eg ikkje plass i miksarskåla til dobbel porsjon. Dei blir luftige nok utan. Når det er smør i røra, treng ein ikkje mykje til steiking.

margrete sa...

Alt dette svele- og pannekakepratet dykkar har visst påverka meg. I dag serverte eg pannekaker til middag, og no lagar dei pannekaker med is til kvelds. Personleg skjønar eg ikkje at pannekaker steikt i teflonpanne utan smør kan bli noko særleg. I helga skal vi ha grønsaker med dip til laurdagskos...