fredag 8. februar 2008

Omnsteikte grønsaker



Frå skulekjøkenet:
-Ditta e de beste ej he smakt!
- Ej he no likt alt ej, eller, kanskje ikkje dissa pannekakene!
Vi har steikt potetbåtar i omnen tidlegare år, men det er første året vi har steikt så mange grønsaker saman i omnen. Vi serverte det til nakkekotelettar (utan bein) som vi la oppå ved servering. Eg vart positivt overraska. Dette var populært!

5 kommentarer:

Besta sa...

Dette såg godt ut. Og mat som høver for meg.Einaste problemet er at ein kanskje ikkje har alle grønnsaksortane i hus. Og så ville eg no hatt med kvitløk, då!!!!Fekk lyst å lage det med ein gong, men må vel vente til i morgon.

Besta sa...

Unnskyld, NO såg eg at kvitløken var med. Men eg brukar alltid den heile, utan fedd, den er mildare så ein kan ha i meir.

solveig sa...

Ein tek berre det ein har. Litt etter sesongane. Vi tok skvåsj denne gongen, for det har det vore lite av før i år. Eg har dyrka begge sortane, den heil veks oppover og "gøymer" løkane i bladfestet.

solveig sa...

Vi hadde poteter, gulrøter, selleri, raudløk og paprika også, men ikkje kålrot.

arieldog sa...

Det minner faktisk om noko eg åt i London, berre at der var litt kjøt i. Der hadde dei dessutan heilsteikt bittesmå nypoteter.