laurdag 2. februar 2008

Opp-ned-pærekake

I dag laga eg kaka eg viste oppskrift på forrige helg. Eg laga dobbel porsjon i ei langpanne og serverte den med vaniljeis. Dei to kremfløytepakkane eg kjøpte i går, sparer eg til i morgon. I fjor hadde eg kjøpt berre ein kartong. De kan vel tenke dykk omtrent korleis det gjekk, sidan eg hugsar det i år, meiner eg.

Karakter til kaka: 3(+ ?)
Sukkeret i botnen gjorde pærene for søte etter min smak, og dermed vart kaka altfor søt. Det burde absolutt vore usukra krem til.

3 kommentarer:

Besta sa...

Karakter 3(+) på ein skala frå..........til...............
Naboen rett over vegen hadde laga brownies-kaka di til "gutane" sine. Den fall i smak! Veit du at den kaka blei til ved ein "feiltakelse". Brownie gløymde å ha bakepulver i kaka ho skulle lage!

solveig sa...

Karakterar går frå 1-6.......
Det med gløyming av bakepulver skjer på eit skulekjøken av og til. Då får ein ha det til "trøyst". Etande vert det no i alle fall ferskt.

solveig sa...

Øystein meiner eg er for streng med karakterane. Elles ønskjer han meir utprøving av oppskrifter....