fredag 1. februar 2008

Serviettsamling

Då eg var lita, samla eg serviettar i ei margarinkasse.
Eg har ei seviettsamling no også, av 20-pakningar. Eg har vanskar med å gå forbi serviettsal. Duniserviettane kjøpte eg på Prix for 10 kr, og så kom eg over serviettar til 7,50 på Nille.

Det er kjekt å ha noko å velje i når ein skal dekke bord. Desse vert fine framover mot vår og sommar.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

fEg måtte smile då eg såg dette innlegget. Eg har det nemleg på same måten. Samlar på serviettpakkar som eg kjøper på sal. Mega har sal på sånne av og til. Hugsar at eg samla på serviettar då eg var lita, eg og. No begynte eg å lure på om det var du som inspirerte meg til det...Det var i alle fall ein kjekk hobby. Lurer på om jenter samlar på sånne ting no for tida?

solveig sa...

Trur det er slutt på det blant 10-åringane, men eg veit at dei som no er 18 samla i si tid.

Besta sa...

Her er det fullt opp av billege serviettar i butikkane, det er berre å ta ein tur. Sjølv er eg svak for serviettar med originale motiv, særleg dyr og fuglar.Men når eg skal dekke eit bord, har eg sjelden noko som passar enda eg har ei skuffe full.

solveig sa...

Med kvite tallerkar og rimelege dukar i ulike fargar har ein variasjonsmulegheiter.... I sommar kjøpte eg meg kvitt kaffiservise til 8, d.v.s eitt bord.