fredag 29. februar 2008

Vår

Det er vår i lufta. Og like sikkert som at påska nærmar seg, er det at ein finn freistande løkblomster i blomster- og matbutikkane. Det er lite som blomstrar i hagen enno, så det er freistande å fylle utepottene. Ekstra kjekt er det at ein kan plante dei ut i beda, og så kjem dei att neste år.

I fjor kjøpte eg tulipanar, perleblomster, kvite påske/pinseliljer i tillegg til vanlege gule påskeliljer. Og så kjem spørsmålet: Kvar gjorde eg av dei? Det vart ikkje til at eg skreiv det ned i fjor heller, så sikker var eg på at eg skulle hugse det til våren.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Sist helg fann eg att nokre av blomsterløkane mine. Framleis innpakka i emballasjen. Like greitt å kjøpe dei ferdig spirande.

solveig sa...

Dei kjem i alle fall tidlegare då. Det er noko med det første og det siste i hagen, brukar eg å seie.

Besta sa...

Viss du har greve dei ned i jorda om hausten, finn du dei vel att når dei spirer om våren?Løkplantane eg fekk av deg står i ei krukke på trappa.Gler meg til dei sprett ut.