laurdag 26. juli 2008

På veg igjen

I dag har vi mellomlanda på Kongsberg på veg til Oslo og Norway Cup.  Vi fekk nettopp vite at kampen i morgon startar 12 og ikkje 9.  Så vert det litt nattesømn på oss.

På turen nedover var vi innom Astruptunet og Bokbyen, Fjærland.  Eg kjem sterkt tilbake med bilde om ei lita veke.

P.S.
Veret har vore fantastisk heile turen med temperaturar opp til 32 grader.  


onsdag 23. juli 2008

Historisk roman


Under temaet "No har eg lese omtrent alle lydbøkene på biblioteket", kom eg over denne historiske romanen. Handlinga er lagt til 1500-talet. Det handlar mykje om ytringsfridom og trusfridom.
Det er første boka eg les av forfattaren. No kunne eg godt tenke meg å lese dei bøkene ho har motteke prisar for.
No har eg fått tak i bøker av favorittforfattarar (m.a. Liza Marklund).

tysdag 22. juli 2008

Jakta på trimpostar held fram

Under 2.verdskrig bygde tyskarane eit kystfort på Kvitneset. Ein del av Festung Norwegen. Tyskarane hadde mange kanonstillingar her, strategisk plasserte ved Breisundet, som er innløpet til Storfjorden.
For 17 år sidan tok eg med meg ei 6. klasse på sykkeltur på Kvitneset. Då hadde eg fått tak i kart over området, og vore ut på førehand for å sette meg inn i stoffet. No ser eg at nokre av plakatane er øydelagde. Det er grunnmurane på husa som står att. Mange av tyskarbrakkene vart demonterte og nytta til mellom anna forsamlingshus etter krigen.
Der er gangar i terrenget der ein kan gøyme seg når ein går. Eg veit om foreldre som tek med borna dit for å leike krig. Om det er så trygt, er eg usikker på.
Ser de holene i fjellet? Tyske ammunisjonslager!
Inni her var kommandosentralen. Dette er ein bunker inne i fjellet med lange gangar oppetter fjellsida. Her treng ein lommelykt!

Vi parkerte bilen slik at det vart ein liten trimtur for oss, men det er muleg å køyre nesten heilt fram.

Digitalis purpurea

Ein av dei få blomane eg går rundt og hugsar det latinske namnet på.

søndag 20. juli 2008

Blåbærtur

Hjørungneshornet kan vel knapt kallast "fjell". Vi la turen dit for å finne ein Hareidstrimpost. Her ser de litt av Hjørungavåg og Hareid litt lenger bak.
Hjørungavåg. Der har kome fleire, eller større, industribygg sidan eg slutta å jobbe der for vel 11 år sidan.
Her ser de mot Vartdalsfjorden. Vi plukka med oss 1,8 kg blåbær som vi rørte då vi kom ned att. Det vart pannekaker m/svensk flesk til middag.
Masdalsklova.

Og veret? 18 grader. Eg gjekk med bukser sidan det var mykje lyng. I ettermiddag har det vore utrøne og litt skodde.

Hagen i dag

Westerland.
Rosa Rugosa. Eg har to busker. I går fjerna eg mange villskudd. Det merkar eg på hendene i dag. I tillegg til fliser greidde eg å klemre meg på rosesaksa.
Klematisen har begynt å blomstre.
Det er fine blomster på skvåsjen, men frukter (grønsaker!) er det verre med. Den har kanskje fått for lite næring i år. Ein bør vel drive meir vekselbruk.

Skaberaklet

Dette skaberaklet av ein plante er no forvist til ein utkant i hagen der det skal få stå åleine. Solitærplante heiter det vel på fint. Om hausten får planten gule blomster. Han kom som ein liten plante, men brått var han blitt ein kvadratmeter. Storleiken er ein ting, men sjå på blada! Eg trur sniglar med hus har skulda.


laurdag 19. juli 2008

Fosnavågen i dag

Både i går og i dag fekk vi oss nokre gode arbeidstimar i hagen. Det har vore lettskya opphaldsver, men ikkje så veldig varmt.

Sidan Odd og Tormod skulle opptre i eit av telta på Landsstemnet for Kysten, tok Øystein og eg oss ein tur til Fosnavågen. Der yra det av liv. Butikkane var opne i all fall til 18. Der var fullt av båtar ved bryggene og campingbilar på land.
Cabareten varte ca ein time. Odd er ein ordkunstnar og Tormod flink på gitar. Midt i konserten kom regnet. Det merkar ein når ein sit i eit telt. Så no er her tilbake på 12 grader.

p.s. Hødd junior vann sin første kamp i Skaw Cup. Følg med på

torsdag 17. juli 2008

Kjensla av at sola skin alle andre stadar enn her

Dei påstod i alle fall det på butikken i dag, at det er finare ver i Valldalen enn her. I fjor bestilte eg bær som eg ikkje fekk på grunn av regn i Valldalen. Det vil seie eg fekk dei, men fleire dagar etterpå, så det vart eit langdrygt prosjekt. I går var eg for sein å bestille, men dei lova meg 10 kilo om eg var der i eittida.

No er sylta rørt og komen i fryseboksen. Eg hadde akkurat eit lite tomatpuréglas til overs, så eg er glad eg ikkje tok 15 kg som i fjor.

Så fekk eg utnytta det dårlege veret i dag og, men skal tru om det ikkje skin opp no?

onsdag 16. juli 2008

Roser i regn

I hageprogrammet på NRK i går, viste ei dame ei potterose ho hadde hatt i drivhuset sitt. Hennar hadde over 50 knuppar. Mi har fått plass i bedet. Ho har kome att, men har omtrent same storleik. Slike billege roser kjøpt på supermarkedet, som ho sa, er nok lette å få til.

Som forventa


Denne boka vart utgjeven i 1984, 10 år etter Kjærleikens ferjereiser som vi las på norsk grunnfag i si tid.
--
Boka har ei parallellhandling i "Frøken Julie" av Strindberg. Eg har ikkje lese eller sett det stykket. Prøvetid foregår medan hovedpersonen øver inn den mannlege hovudrolla.
--
Forfattaren les sjølv, og det er eit pluss.
--
p.s. Om nokon ikkje har lese "Mors og fars historie" frå 2005, så gjer det snarast! Den gjorde sterkt inntrykk!

Peace - rosa frå 1945

Vakker, men ikkje villeg. Peacerosa mi kjem med kun ei rose i år. Med godt stell håper eg på fleire neste år.

tysdag 15. juli 2008

Meir mimring

Julie på julaftan.
Som kjendt para vår kanin seg med nabokanina for 9 dagar sidan. No vil ungane her sjølvsagt ha ein av ungane. Eg nektar å kjøpe utstyr før vi seg korleis det går. Dei har fått lære uttrykket "å selje skinnet før bjørnen er skoten".

Eg meiner desse bilda er ca 25 år gamle. Kanina til Margrete, Julie, fekk 8 kaninungar. Dei var i fleire fargar. Det er naboungane som viser dei fram.

Tja....

Utvalet på biblioteket vert meir og meir innskrenka dess fleire lydbøker eg les. Dei tek ikkje inn nye bøker før etter ferien.
---

Linn Ullmann var ikkje mitt førsteval, men eg bestemte meg for å gje boka ein sjanse.
---

Linn var vekebladskjendis i min oppvekst. Og eg har ein mistanke om at ho har henta stoff frå sin eigen oppvekst i denne boka.
---

Boka er ikkje kjedeleg, men svarar heller ikkje til forventningane til ei bok som "er utgitt i store deler av Europa og i USA, tilsammen 30 land".

måndag 14. juli 2008

Fire generasjonar

Dette bildet er tatt i 1963. Amanda er mormor.
Dette bildet er frå 1987. Amanda er oldemor. Einar var det eldste oldebarnet. Etter det kom dei som perler på ei snor. Alle dei seks barnebarna hennar har gifta seg og fått born, til saman 21 oldebarn.

14.juli 1968

I dag ere det 40 år sidan Margrete vart døypt på mormor sin 64-årsdag. Det er artig å sjå blomane og interiøret elles!
Eg hugsar at eg var utolmodig, men eg var no berre 5 år. Eg hadde fått ny kjole som eg var kry av. Mamma hadde lova meg ny kjole dersom eg fekk meg ei søster.

Besøk, fjelltur og bytur.

Etter at ungdommane hadde ete frukost,reiste gjestene vidare.
Øystein ville ta seg ein fjelltur, og eg køyrde han ut mot Ulsteindalen. På heimvegen stoppa eg i byen og fekk dagens trim mellom kjøpesentera.

Det er ikkje lett å gå forbi Mester Grønn! I dag snudde eg og kjøpte meg desse Stargazerliljene. Det var ei stor potte med 6 stilkar. Ein annan kunde, ei litt eldre dame nordfrå stod og beundra dei "dæm lokta så godt og så kjæm dem igjen år etter år!" Det protesterte ekspeditrisa på. Dei var eittårige, men ein kunne brekke av blomstrane og sette dei i jorda.

Noko slikt har eg aldri høyrt om før. Anten er ho ekspert, eller så har ho lese seg til lærdom og forveksla plantar. Eg sa berre at mine har kome att, og det som er så fint med liljer, er at dei står oppreiste same kor det blæs.

Blogglesarane må gjerne kome med synspunkt!

søndag 13. juli 2008

Søndagstur til Eika

Sidan det var skodde i fjella, og vi ventar på overnattingsgjester, valde vi å ta oss ein tur til Eika. Vi var der i haust også, men no har dei lagt ut ny hareidstrimpost der.
Utsikt mot Yksnøya.
Stien over øya er brei. Vi møtte ei dame med vogn også.
Vi tok pausen på same stad som sist. Før vi for heim, åt vi oss "mette" på blåbær.

Journalisten er reist til Sogndal, og gartnaren ligg på lading i dag.

fredag 11. juli 2008

Meir frå ferien: Arboga

I år bestemte vi oss for å reise og sjå ein ny by, nemleg Arboga. Det er ein spesiell by med små koselege butikkar i gågata.
Kyrkja.

På den andre sida av elva var der gammal bebyggelse.

torsdag 10. juli 2008

Sommarsyslar II

Endeleg har vi funne ein komfyr som passar inn i innreiinga!

I tillegg til dei funksjonane vi hadde på den gamle Bosch, har den nye pizzafunkjon. For det måtte vi gje 600 kr meir enn i 1987!

Sommarsyslar


Medan faren målar framsida av huset, tener Håkon lommepengar til Norway Cup på baksida.

onsdag 9. juli 2008

Meir agurknytt

.....eller skvåsjnytt!

Dei har ikkje akkurat vakse så fort hittil, men no skyt kanskje skvåsjplantane fart. Viss de ser godt etter, kan de sjå ein bitteliten ein.

Mysteriet løyst

I vår trudde eg at Aloharosa , eller Hawaiirosa som Øystein kallar ho, hadde stroke med i vinter. Men då burde der stått att ein rest. Så kom eg fram til at eg kanskje hadde flytta ho i fjor haust. Men kvar? I går fann eg rosa. Eg hadde sett den i næringsrik mold på ein solrik stad.

Rosa har eg fått av mi venninne M. Ho er flink å formeire roser. Sjølv har ho ei stor ei som ho klipper vakre bukettar av som sprer ei nydeleg lukt. Ho har også laga rosegele av rosene.

Rettferdige roser

I går hadde vi besøk av eit par vi hadde mykje med å gjere i lærarskuletida, M og J. Dei hadde med seg nydelege roser i blanding, fairtrade.

tysdag 8. juli 2008

Syden i Sverige



I 2005 0g 2006 var vi på Örebro i nydeleg ver ei veke. Temperaturen låg då på 28 grader. Vi sa vi hadde vore i Syden i Sverige.
Også i år fekk vi nydeleg ver i 5 dagar. Dei hadde 2 nyheiter i år, sklia der 4 kunne skli om gongen, og dei to palmane. Palmane glinsa av plastik, men skulle vel gje syndenstemning?


Olaug i sklia.
Badminton om kvelden ved hyttene.

Ein slepp å lengte heim til si eiga seng!