søndag 28. september 2008

Vi fann, vi fann.

Ja, kva finst ikkje på internett?


Fleire bilde finn du her.

Forfattaren begynte å reise til Kreta for 25 år sidan. Det var før turismen "øydela" øya. I boka skildrar ho eit 9 dagar langt opphald i notid med mange tilbakeblikk.
---
Vi møter både fastbuande og tilreisande i boka.
---
Eg likar boka. Den gir eit nyansert bilde av øya. Vi får innsikt i kultur og folkeliv.

laurdag 27. september 2008

Husmordag


I går køyrde eg fire speidarar til ein no avsides plass som heiter Rjåneset. Ein av dei hadde ikkje køyrt tunnelen før. Dei påstod det skulle kome storm. Eg trur dei håpa på skikkeleg uver, for nokre andre skulle overnatte ute.
---
På heimvegen stakk eg innom Starevegen. Der hadde dei både poteter, plommer og "råsaft"å gje vekk. Safta kokte eg opp med sukker. Med isbitar i vart den kald til risengrynsgrauten.
---
I år har eg ikkje fri fredagane. D.v.s eg har fri etter matfri, så eg kallar det ein halv fridag. I går fekk eg spørsmål om tre vikartimar. Den halve fridagen rauk, men det vert vel litt ekstra i lommeboka til julehandelen. Det er ikkje første gongen i år, så no har laurdagen stort sett vorte brukt til vaskedag. I tillegg kastar alle kleda sine på vask fredag.......
---
p.s. Legg merke til dei gode flaskeglasa til saft. Dei ver reine i oppvaskmaskina!

søndag 21. september 2008

3725 g


Skvåsjavlinga mi har ikkje vore noko å skryte av i år. I åkeren nedom huset har eg hatt til eige forbruk etter at dei endeleg kom. Eg har hatt to teoriar:
1. For tørr sommar.
2. For lite gjødsel/for dårleg jord.
No heller eg til den andre teorien. Dei to siste plantane vart nemleg forsømde lenge, heilt til eg planta dei ut, lenge etter dei andre, i ein haug med matkompost. Ikkje har dei hatt fiberduk over seg heller. I går oppdaga eg ein kjempeskvåsj.
Neste år skal matkomposten gravast ned i åkeren!

Kjøpt i Roma

Då eg la ut innlegga mine frå Roma, slutta eg av før eg fekk vist kva eg kjøpte der.

For det første vart det handla relativt lite. Fredagen var det helg, og laurdagen stengde butikkane tidleg.

På handarbeidsbloggane ser eg at folk kjøper seg stoff og søte sakser. Og eg? Jau, eg har visst kome heim med mest ting til kjøkenet! Eg likar best å kjøpe ting eg kan bruke.

Dette er den italienske "rett i koppen"-varianten av espressokaffi.
Eg har nettopp knust kaffiboksen min. Så no kan eg mimre om Roma kvar gong eg lagar meg kaffi.
Nyekomfyren har ikkje innebygd klokke. Denne får halde til eg får meg ei elektronisk som pip til eg slår den av. Heilt å stole på er denne nemleg ikkje.
Desse kjøpte eg på same butikk som espressoapparatet. Den butikken hadde eg lyst til å handle meir på, men møtte stengde dører. Det var i den såkalla dyraste handlegata. Eg forklarte Ø at det var fordi der var fine ting der, ikkje fordi same tinga var dyrare der enn andre stader.

laurdag 20. september 2008

Kor mange blir vi til middag?


Det spørsmålet stiller eg ofte.
Nokon kjem att medan andre reiser.
---
Olaug er på øvingshelg med korpset. Då eg leverte henne, fekk eg vite at det vart nok mange av dei nye som ville heim att om nettene. Det vart nok mange som køyrde til å frå om det var noko. Av omsyn til dei nye, reiste dei ikkje lenger enn til Leikong.
---
Eg måtte seie som sant var, at Olaug hadde berre ei bekymring, om dei får kveldsmat! Kveldsmat skulle det bli, fekk eg høyre, så då sa eg "hade".
Komande veke reiser forfattaren til ei hytte utanfor Molde for å jobbe heilt intens.
---
Neste helg reiser speidaren på kurs på Rjåneset. Så her er det størst sjanse for 6 til middag på fredagane.
---
p.s.
Bildet er ikkje av ein krokus som har tatt feil av årstida, men "naken jomfru".

Gjensyn

Her får de eit gjensyn med engletrompeten frå i fjor. No står den på sitt finaste og luktar fantastisk. Pelargonien er frå i vår.

Stikling

Eg klipte inn ei lita spragle for å sikre meg sorten til neste år. Medan den røta seg, spratt det ut fine små kvite og lilla blomster.
Det har vorte lite jobbing i hagen på meg etter skulestart.
I dag gjekk eg ut og røska litt medan eg høyrde siste CD-en på krimboka.










Denne kika fram.








I år har eg ikkje sådd ringblomster, men dei kikar fram likevel.

Kokkekrim


I denne krimboka er det gåta eller mysteriet som står i sentrum. Privatlivet til detektiven får vi vite lite om. D.v.s. han har ein nevø som er kokk. Han vert dregen inn som hjelpar.
Som tittelen seier, har gåta forgreiningar i Midt-Austen.
Spennande!

onsdag 17. september 2008

Kva visste vanlege folk?

10. klassingane våre skal reise på tur med Aktive fredsreiser neste veke.
To slektningar har nettopp kome att frå denne turen.

Sjølv var eg svært interessert i krigen då eg gjekk på ungdomsskulen. Ein slik tur hadde vore midt i blinken for meg i den alderen.

Vi har hatt "Krigslyrikk" som tema i norsk, og vi har lese utdrag frå Anne Franks dagbok.

Når ein vert vaksen, får ein litt andre perspektiv på krigen.
Korleis kunne massedrapa på jødar skje? Visste dei ikkje?
Anne Frank hadde høyrt om det! Fram til august 1941 kunne nordmenn fritt ha radio. Dei fekk høyre om konsentrasjonsleirane.

Diktet på linken under skreiv Arnulf Øverland i 1937.
Han visste!
Han lytta Hitler sine talar!

Dessverre er diktet framleis aktuelt. Kanskje det er derfor det har vorte kåra til det beste diktet i Noreg?

Du må ikke sove.

søndag 14. september 2008

Søndagsmiddag?

I dag var det presentasjon av konfirmantane i kyrkja. Konfirmanten sjølv måtte tidleg opp for å møte 10.00.
Olaug fekk sitte på med familien til venninna si til Høddvoll, slik at vi kunne kome etter.
I pausen mellom løpa køyrde eg Øystein på Fjelle. Han skal hentast på Eiksund om eit øyeblikk.
Det vert ikkje mykje tid til søndagsmiddagslaging med eit sånt program. Løysinga i dag vart kyllingfilet i bitar, tagliatelle og eit glas pastasaus med fløte. Vi riv parmesanost over kvar til oss. Brød og salat etter eige ønske!

laurdag 13. september 2008

Jus



I går laga vi jus av eple eg hadde fått av ein kollega.
Det gav fin, lys jus. Men det gjekk ikkje mange minutt før skummet på toppen vart brunt.

Mamma hadde sendt med eldstemann ein DVD som høyrde med hennar maskin.
Der var eit råd om å ha ein bit raudbete i jusen for fargen sin del. Raudbetar er svært sunt, men det er sjeldan vi et den rå.

Korleis det smakte? Eg tok ca 1/6 raudbete i høve til eple. Du kjenner smaken. Eg synest det var godt. Olaug var litt meir skeptisk. Prøv sjølve!

God bok om vanskeleg tema




Dette er ei bok om ein mann som har fått diagnosen kreft med spreiing. Han avtaler med kona at ho skal gi han aktiv dødshjelp den dagen han treng det.


Boka gjev ikkje enkle svar. Den stiller heller fleire spørsmål. Til dømes ligg han på sjukehuset og har glede av å sjå lyset kome om morgonen. Samtidig ser han at det skal bli godt for kona å fylle dagane med anna innhald enn å vere på sjukehuset.

Eg anbefaler boka. De kan lese meir om ho her.

torsdag 11. september 2008

Telefonsal II - eller: Er dei blitt frekkare?

Det har vore stilt på telefonen min sidan eg reserverte meg mot telefonsal. Det kunne ta opp til tre månader, men eg har ikkje hatt ei oppringing. Dette skrytte eg av på tysdagsturen då mi venninne K fekk ein slik telefon.

Der var ikkje noko bord å banke i . Både i går og i dag har eg blitt oppringt.

Onsdag
-Ja, hallo, så hyggeleg, kjem det frå ein kar som hevdar han eigentleg kjem frå Hareid.
- Og jeg driver ikke med telefonsalg. Så nå ble du vel glad?
Eg måtte no berre medgje at det vart eg, for eg har reservert meg.
Nei, karen han gir vekk ting han, nærare bestemt bokpakkar.
- No er det berre det at eg ikkje er interessert i noko abonnement, prøver eg meg.
- Hvem har sagt abonnement? Du får et interessant blad hver måned i posten.
- Ja, vel, seier eg, så eg eg må bestille frå det om eg vil ha noko.
- Ikke akkurat. Det er noe som heter månedens bok.
- Det kallar eg abonnement!
- Hvis du mener den telefonen du må ta viss du ikke...
Då la eg berre på! Det er ein fordel med telefonsal!

Torsdag
(Han ringer slik at eg omtrent hoppar opp av godstolen for å rekke telefonen som ligg i jakkelomma i etasjen under).
Han ringer frå eit kraftselskap.
- Stemmer det at din kraftlevrandør er Tussa?
Korleis får han tak i slike opplysningar. Tek han ein sjanse, eller?
- Jau, medgir eg.
- Da har jeg et fantastisk tilbud til deg!
- Nei, takk eg er ikkje interessert, seier eg.
- Hvorfor det?
Dette var eit av dei tema K og eg var einige om. Så eg svarar:
- Akkurat det trur eg ikkje eg treng å svare deg på.
Det svaret likte han ikkje. Kva han sa vidare, veit eg ikkje. Eg la på.

Oj, er det eg som har blitt frekkare?
Eg meiner dei har høve til å sjekke om eg har reservert meg om dei gidd. Han i går mistenker eg for å ikkje bry seg. Viss du svarar lenge nok, trur dei at dei har fått deg på kroken. Taktikken er å overkøyre folk med hyggeleg prat, verkar det som. Om eit par månader bør det vere heilt slutt.

onsdag 10. september 2008

Thriller


Eg trudde ikkje dette skulle vere ei krimbok. Hovudpersonane i boka er heller ikkje politimenn, detektivar, eller journalistar for den del.
---
Den mannlege hovudpersonen er ein vanleg kar som i sin ungdom prøvde å skilje to som slåst. I staden endar han opp som drapsmann. Sjølv om han er uskyldig dømt, endrar åra i fengsel han på mange måtar. I staden for å leve eit fredeleg liv med henne han giftar seg med, dukkar det opp skjer i sjøen.
---
Boka, som vert omtalt som thriller, er utruleg spennande. Eg har høyrt 3 CD-ar berre i dag!
---
Språket er også godt, og innimellom kjem det ein del "skråblikk". Med det meiner eg litt artige måtar å sjå ting på. Det gjer boka ekstra underhaldande!

tysdag 9. september 2008

Og så balj på ein fredag...

...som den utflytta sunnmøringen i familien sa då det vart servert potetball i 30 graders varme på campingtur i Danmark.

I dag rigga eg til og kokte opp ei panne fårikål som forfattaren fekk koke ferdig til vi kom heim. Journalisten dukka også opp til middag i dag. Årets første fårikål smakar ekstra godt! Og det på ein tysdag!

No veit eg at både nordfjordingar og sogningar les bloggen. Det er ikkje sikkert at dei veit at det er torsdag som er baljdag på Sunnmøre. Høgdepunktet i veka for mange studentar i Volda, var å kjøpe seg balj på DH eller Porse torsdagane etter skuletid. Svara du ja til "Ska du ha feitt?" ausa dei ei heil ause smelta smør over.

søndag 7. september 2008

Fotballfamile

Viss nokon lurer på kva eg har styrt med denne veka, så kan det kort oppsummerast med jobb, to trimturar og fire fotballkampar.

Fotballkampane har eg sett frå min snart faste plass på tribunen. Eg prøver å få med meg heimekampane til Hareidslaga, d.v.s. minst ein omgang når ein av ungane spelar. Denne veka har det vorte 3 1. omgangar og 3 2. omgangar.

Fredag var det idrettsdag på skulen. I staden for 2 timar undervisning, går omtrent heile dagen med.

I dag er Øystein og Håkon på Valderøya med guttelaget.

Sånn går dagane her.

Haust i hagen





Etter ein fin sommar, ser det ut som vi skal få fine haustdagar!

fredag 5. september 2008

Underhaldande krim


No har eg lese ferdig denne krimboka. Enno ein gong kan eg slå fast at krim er bra på lydbok! Forfattaren skriv godt, og når du har kome halvvegs, vert det vanskeleg å slå av!