søndag 15. mars 2009

Moderne vedkomfyr

At det framleis vert produsert vedomnar, og det i moderne design, hadde ikkje eg tenkt over. Men det kan no høve på hytter utan straum t.d. Ein får kjøpt dei på Felleskjøpet. Les meir her.

3 kommentarer:

Besta sa...

Trur ikkje eg vil ha vedkomfyr i heimen, nei! Det er ikkje så nostalgisk for oss som er oppvaksne med det. Største fordelen med vedkomfyr var at folk hadde det varmt og godt inne i husa sine -----om vinteren.Men eg må innrømme at eg vart litt nysgjerrig då eg såg desse komfyrane på FK.

solveig sa...

Det må vere eit supplement der dei har stått før. Men kor mange kan ha to ventilatorar?

Hildegard sa...

Vi hadde lyst på ein slik komfyr då vi pussa opp kjøkkenet for 4 år sidan, men dei var litt for store og dyre, så vi enda opp med ein liten, kjekk og nøysom vedomn som vi har hatt mykje glede av.
Eidabesta