søndag 31. oktober 2010

Sviskekompott

Inspirert av meg sjølv, som eg plar seie , i dette tilfellet lista over populære innlegg til høgre, laga eg i dag sviskekompott til dessert.  Det er nokre her i huset som helst vil ha gammaldags mat, og kva høver då betre enn kjøtkaker og sviskekompott?

5 dl vatn

2 1/2  ms sukker
1 pk svisker ev. aprikosar/fruktblanding

1 1/2 ms potetmjøl
1 dl vatn

1. Kok opp vatn og sukker.
2. Ha i sviskene og kok dei møre.
3. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn. Ta panna til side og ha jamninga i.
4. Gje kompotten eit raskt oppkok.
5. Ha kompotten i ei skål og dryss litt sukker på toppen for å unngå snerk.


Server med mjølk/fløyte og/eller vaniljesaus.  Ein kan og piske krem og legge lagvis med krem, vaniljekrem og kompott som til grunnlovsdessert.

Skjåkmjøl

Dette mjølet, som Schakenda snakkar varmt om i boka si, fann eg på Mega i Ulsteinvik.  Eg skulle til å putte litt av det i surdeigen min i dag, men då oppdaga eg oppskrifta på baksida.  Den er med hevedeig/poolish, så eg får spare mjølet og bake desse brøda ein annan dag.  Pris? 21,30 ser eg på handlelappen.

laurdag 30. oktober 2010

Dagens sitat

Eg har lagt til eit par sitat som sideelement.  Synest dette bør bli ståande som eit lite apropos.
Politikere er mennesker som, når de ser lys i enden av tunnelen, beordrer mer tunnel.

Laurdagsloff?

For tida bakar vi fletteloff i mat og helse.  Elevane vel sjølve kva slags flette dei vil lage.  Dei fleste prøver seg på seksfletta til høgre.

Viss de vil sjå ein som er flink å flette, kan de sjekke her.

Oppskrifta under er til ein loff, skriven for ungdomsskuleelevar.
Doble gjerne oppskrifta ...

Fletteloff
½ pk gjær

1 ms margarin
2 dl mjølk
½ ts salt
1 ts sukker
ca 5 dl kveitemjøl
1. Del gjæren opp i ein bakebolle.
2. Smelt margarinen i ei panne. Ta panna til side og tilset mjølk,blandinga skal vere fingervarm/37 grader.
3. Slå blandinga i bakebollen og rør ut gjæren.
4. Rør inn salt (og sukker).
5. Tilset kveitemjøl og elt deigen glatt og jamn.
6. Dekk bakebollen med lok/arbeidstallerk/plast og lat deigen heve til dobbel storleik.
Utbaking:
7. Set steikeomnen på 220 grader.
8. Du kan no velje om du vil flette 6-flette eller ei tjukk 3-flette med ei tynn 3-flette på toppen.
9. Hev fletteloffen til dobbel storleik,ca 25 minutt.
10. Steik fletteloffen i 20-25 minutt.
11. Avkjøl brødet på rist.

fredag 29. oktober 2010

Bok 49: Slukebok?



Eg har no lært meg det norske ordet for pageturner, nemleg slukebok.  Desse bøkene ligg ofte i store haugar i bokhandelen, slik at når ein finn ei av dei på biblioteket, trur ein at ein verkeleg har vore heldig.  Denne forfattaren har eg og sett reklamere for sine to siste bøker på frukost-TV.

Boka opnar greit.  Bakteppet er borgarkrigen i El Salvador.  Hovudpersonen er ei av dei få som overlever utreinskingar i landsbyen der ho bur.  Ho får hjelp til å flykte til USA.  Dette kunne ha blitt bra! 

Det som øydelegg mest er språket.  Skildringane er så sentimentale og klissete at ein kan vri seg i stolen.  Om nokon er ueinig med meg får dei lese til dømes om då guten heldt på å drukne i bassenget. 

Sjølve historia vert langdryg, og frampeika er så mange at ein forstår omtrent kva som vil skje.  Dette grensar til kiosklitteratur!

Les gjerne meir her.

Om å selje sylte

Eg trur ikkje noko er tilfeldig når det gjeld reklame. At det må løne seg for Lerum å bruke nynorsk, stadfestar Nora med sitt slagord på ei austnorsk dialekt "Nærmere natur'n kjæm du itte".

Produkt som vert knytt til julekalenerprogramma på NRK, vil alltid selje godt.  Heldigvis knyttar dei til seg gode produkt.  Her i huset har vi ikkje sett barne-TV sidan midten på 90-talet.  Men eg tippar blånissane et pannekaker av og til?  I alle fall trur eg det kan bli ekstra mykje pannekaker rundt om i heimane i adventstida!

torsdag 28. oktober 2010

Bok 48: Too much nynorsk humor

Dette er ei bok for folk som har sansen for leiking med språk.  Sjølv er eg sjølvsagt i denne gruppa.  Men eg hadde ikkje lese så sider før det vart too much, for å seie det på godt norsk.  Boka vart lagt til side.

Så vart eg vikar i ei åttandeklasse som hadde leseprosjekt.  Etter at eg hadde fått alle elevane i gang med lesing, sette eg meg til å lese i mi eiga bok.  Akkurat då eg heldt på å gå lei att, kom eg til kapittelet om fru Johnsen s. 94.  Dette kapittelet kan stå som eit sjølvstendig stykke.  Om de kjem over boka på eit bibliotek, så les kapittelet om den dama som har øydelagt mest for nynorsken, Inger Lise Andersen.

Eg synest forfattaren skriv godt og morosamt, men eg meiner han har valt feil sjanger.  Når denne romanen til og med skal vere den første i ein trilogi, vert det, ja, rett og slett too much.

Les kva Samlaget sjøl skriv her.

Bytur

I dag hadde frøkna og eg nokre ærend i byen.  Vi tråla dei to kjøpesentera og tok oss også tid til å stikke innom biblioteket.  Der var eg så heldig å finne boka i midten, som eg forstår vert ein såkalla snakkis i slekta.  Eg har begynt å rippe den over på MP3-en slik at eg kan levere den attende snarast muleg.

Lever enno II

Eg visste ikkje kor aktuelt førre innlegg skulle bli. Rundt nyttår bestemte eg meg for at eg skulle prøve å ha eit lite blogginnlegg kvar dag, som eit lite livsteikn.  Men no har eg vore utan nett i to døgn!  For å seie det slik, viss det hadde vore eg som hadde hatt kontakt med nettleverandøren, så hadde det vorte eit langt blogginnlegg.

No skal vi ete middag her, og så kjem eg nok sterkare attende med bokmeldingar og kanskje anna stoff seinare i dag. 

P.S.
Katten synest ikkje at dei som får vere inne i ei varm stove skal klage på veret.

måndag 25. oktober 2010

Lever enno!

Blogglesarane trur kanskje eg har drepe surdeigen min.  Det har eg ikkje!  Eg har tvert imot delt han, slikat eg no har ein lys og ein mørk.  I staden for å lage to, fora eg den eine med kveitemjøl og den andre med sammalen rug.  Innimellom set eg deigane i kjøleskåpet for så å ta dei fram nokre timar før eg vil bake.

Brødet på bildet bakte eg fredagskvelden og serverte det til ostefatet laurdag.  Det var ein loffdeig med ca 1/4 sikta rug i.  Til 7 dl væske brukte eg ein stor pakke tørka jordbær og ein pakke valneter.  I tillegg putta eg i nokre rosiner og eit par matskeier maltekstrakt.  Tørka jordbær har eg ikkje smakt før.  Det smakte godt, men eg liker betre aprikosar. 

søndag 24. oktober 2010

Bok 47: Islandsk krim

Dette er den første boka eg har lese av denne islanske forfattaren.  Den første i serien har eg nettopp sett filma, så den hoppa eg over.  No satsar eg på å lese dei eg kan få tak i.  Dette er god underhaldning!

Les gjerne om boka her.


Her er dei krimbøkene av same forfattar, som i følgje Wikipedia, har kome ut på norsk.


Myren 2004 Mýrin 2000
Gravstille 2005 Grafarþögn 2001
Røsten 2006 Röddin 2002
Vannet 2007 Kleifarvatn 2004
Vinterbyen 2008 Vetrarborgin 2005
Fjellet 2009 Harðskafi 2007
Irrganger 2010 Myrká 2008

laurdag 23. oktober 2010

Yndlingsretten min

Lammesteik er noko av det aller beste eg veit!  I dag steikte eg to relativt store lår, kvart på 3 1/2 kg.  Eg sette omnen på 175 grader.  Det går som regel greit.  Dei vart ikkje svidde som det ser ut på bildet.

Til dette serverte eg poteter, grønsaker og brun saus (med ein kopp kaffi m/ fløyte i) og litt forskjellig tilbehør (sølvløk, sylteagurkar og tyttebærsylte).

Besta kom med dessert. Karamellpuddingen fekk konkurranse, for å seie det slik.
Elles kom systra mi med oreokake som vi serverte til kaffien.
No sit eg her og lurer på om eg nokon gong vert svolten att.

P.S.
Det vart lite fotografering av vertinna i dag.  Her får vi satse på systra mi.

Billeg bord

Eg ser ein viss fare for at blogglesarane, etter dette innlegget om ikkje før, vil tru at eg er skikkeleg gniten.  Sjølv meiner eg at studentliv og nokre år med fire ungar på ei inntekt, har gjort meg økonomisk.  No er det sli, at når eg går forbi ulike tilbod, så bit eg lett på.  Derfor har eg ei samling av lys og serviettar.

Duken er ein halv stuv med nervøs fløyel kjøpt på Jysk for 50 kr.  Den er strykefri, noko som passar meg godt.  Lysa kjøpte eg for 20 kroner tilsaman på Nille.
Serviettane og blomstervasane var -70% på Floriss.  Og for å toppe det heile henta eg blomster frå ute- og innekrukker.  No ventar eg berre på gjestene!  Ha ein fin laurdag!

fredag 22. oktober 2010

22. oktober

I dag var eg verkeleg glad for dei fora støvlane.  Her er skikkeleg sørpeføre, og plogen har slett ikkje vore alle stader. På Floriss kjøpte eg denne nye typen ildtopp. 
No er alle heime her, og i morgon ventar vi slektsbesøk.  Vi skal ha yndlingsretten min til middag.  Og desserten er tradisjonell.  Om nokon som er innom bloggen ikkje har laga karamellpudding, så fin de ei steg-for-steg-oppskrift her

Katten er i fin form att.  Ho vart lagt i full narkose att då ho eigentleg berre skulle ta stinga etter kastreringa.  Frøkna meinte ho klødde i øyrene, og hadde lese seg fram til at det var øyremidd som måtte behandlast hos dyrlege.  Eg var skeptisk, men det viste seg at ho hadde rett.  Øyrene vart rensa, og katten fekk seg ei natt på badet.

torsdag 21. oktober 2010

Skuleveg - stemningsrapport

Eg går til og frå jobb når eg ikkje kan sykle.  I dag knipsa eg nokre bilde med mobilen på heimveg.
Det er ikkje akkurat monstermaster over myrane.
Eldstemann hadde moka tunet 21. oktober.

onsdag 20. oktober 2010

20. oktober

Engelskstudenten kom frå Volda på sommardekk i dag.  No er det berre å skifte! Han meinte det var meir vinter der, og det ser ein på Besta sin blogg.
Aloharosa står med nye lange skot og fleire knoppar ...
Sjølv har eg vore til tannlegen i dag og fått fjerna tannstein og belegg.  Tannlegen støttar teorien til venninna mi, at dei som har tannstein, har mindre hol. Det er ein av faktorane.

Neste punkt på programmet er å få tatt stinga til katten.  Ein ting som slår meg, er om det greit å seie dyrlege eigentleg.  Tannlege har ikkje fått innført latinsk tittel.

Sidan eg også skal i selskap i ettermiddag, var det greit å berre lage bondeomelett etter inspirasjon frå frukost-TV i går.  Wenche hadde den i omnen.  Eg la lok på steikepanne.  Eg surra/steikte løk, purreløk og litt skvåsj.  I tillegg hadde eg litt pålegg, nærare bestemt skinke.  Her kan ein godt bruke spekemat av ulikt slag.  Oppå dette helte eg egg, mjølk, riven ost, salt og pepar. 

tysdag 19. oktober 2010

Det fins folk som ikke vet hva de har i kjøleskapet

"Åpne kjøleskapsdøra og se hva du har!"

Wenche Andersen laga resterettar i dag.  Temaet i programminnslaget eg såg i opptak, var sløsing med mat. På Alt godt sin blogg var der oppskrift på amerikanske pannekaker.  Her kom det inspirasjon frå to kantar.  Jusstudenten kjem heim torsdag.  Han elskar pannekaker i alle fasongar.  Så i dag fekk det halde med resterett nummer ein, vaflar.  I tillegg til eit par halvfulle rømmebeger, hadde eg i rikeleg med egg, 1/3 sammalen kveite og 1/3 havregryn.

Ha ein fin tysdagskveld!  Eg skal kose meg med Grey's anatomy.

måndag 18. oktober 2010

Bok 46: Noveller

Etter å ha lese ein murstein av ein roman, var det godt å slappe av med ei lita novellesamling.  Forteljingane har visst først vorte lesne som kåseri i reiseradioen.  Det er sikkert derfor alle er lagt til sommaren.

Dette er typiske ungdomsnoveller vil eg seie, og som vanleg i novellsamlingar, så er det eit par som stikk seg ut.

søndag 17. oktober 2010

laurdag 16. oktober 2010

Ny funksjon!

Eg har sett at det på nokre bloggar er ei oversikt over kva innlegg som er mest lesne.  Det var lett å få til.  Artig å sjå kva innlegg som har vore mest populære hos meg.  Mykje mat ja.  Funksjonen røper vel mest kva folk som søkjer på ulike stikkord tilfeldig finn på min blogg.

Krabber og dagens vonbrot

I dag kom yngstemann heim med fire krabber og eit nett med halvstore seiar.  Krabbene skal vi ete til kveldsmat.
Det var to som var skuffa over brødet mitt i dag.  Den eine trudde det var kake sidan eg steikte det i rund form.  Den andre fordi den ville ha loff til krabber.
Her kan de sjå kor fint brødet hevar med berre surdeig som hevemiddel.  Når det er nysteikt er det litt klissete, men til gjengjeld held det seg i fleire dagar.

Bok 45: Så 80-tals!

Det er ikkje berre interiør som går ut på dato...

Denne boka har eg rett og slett lese i feil lys. Eg har ikkje forstått kvifor ein så kjend og kjær forfattar har fordjupa seg i kvinnelagnader frå 40-80-talet. Det vil seie, ikkje før i dag då eg skulle finne bilde av boka. Då først oppdaga eg at boka er skriven i 1982.

Bokmeldinga har eg hatt klar i hovudet siste døgn. Eg synest valet av hovudpersonar var merkeleg. Elendigheit vert det heller ikkje slutt på. Så snart Eivor kjem seg ovanpå, så får ho eit slag i trynet. Der er heile tida eit men. Det heile er "trøsteslaust"! Kan ein person verkeleg ha gått gjennom livet utan ein eller annan gong ha vore oppe i skyene?

Les ein boka i lys av 80-talet i staden for 2010, så kan det hende ein ville følt det annleis. For all del, eg har kosa meg med dei 18 CD-ane. Ein vert gripen av lagnadane. Språket er godt, men ...

fredag 15. oktober 2010

Surdeigsbrød ...

I dag har det vore mykje error error på bloggen når ein prøver å laste opp bilde. Løysinga vart å stille bloggen tilbake på det gamle redigeringsverktøyet. Bilda kom dermed i omvendt rekkjefølgje.
No har eg late surdeigen leve sitt eige liv. Eg har lese meg opp på teorien i boka til Schakenda, men bakar utan oppskrift, men litt fritt etter hans metodar.

Eg laga deigen rett etter at eg kom heim. Så fekk han heve i 4 timar før eg forma brødet. Etterhevinga var i 2 timar i dag.

Surdeigen var den siste etter oppskrift. No har eg hatt i 1 dl kaldt vatn og 2 1/2 dl kveitemjøl i resten og sett den i kjøleskåpet for å bremse den litt.
I går kveld la eg resten av den tørka frukta i litt appelsinjus. Netene hadde eg rett i deigen samtidig.
No ligg der eit fjerdedels brød att på benken, så eg håper eg får meg litt til frukost i morgon.

Kva er dette?

Dette datt opp i handlekorga då det låg på ryddesal.  Det heiter miljøvask.  Eg er usikker på om kulene vert oppbrukte eller tappa for effekt.  Bruksanvisninga og pakken er vekke. Ja, ja, kleda vert i alle fall reine, om dei då har vore skitne.

torsdag 14. oktober 2010

Endeleg har det lykkast!

Brødet er lett og luftig og heva berre med surdeig!

Sidan eg ikkje lykkast sist eg prøvde å lage ekte surdeigsbrød, laga eg 1/3 oppskrift, altså berre eitt brød.  Eg let brødbakemaskina kna deigen.  Væska var midt mellom kald og lunken.  Elles gjorde eg akkurat som oppskrifta sa.  Første hevetida var 4 timar. Andrehevinga gjekk raskare enn eg forventa, berre vel ein time.

Nei, no lyg eg litt her.  I oppskrifta stod det 125 g lys og 125 g mørk surdeig.  Eg har berre laga mørk.  Det var like før eg sette boka ned ein heil karakter. Det får vere grenser for å gjere det tungvint!  Brødet s 77 heiter dessutan grovt surdeigsbrød, men inneheld berre sikta kveite- og rugmjøl i tillegg til surdeigen.

Det spørs kor lenge eg gidd å fore på denne surdeigen.  Det vert nok høgst eit par dagar til. Men no trur eg at eg har teknikken inne, slik at eg kan frigjere meg frå oppskriftene i boka.

Smaken kan eg ikkje uttalle meg om før i morgon.  Men nøttebrødet var mykje betre i dag enn i går! Surdeigsbrød skal vere spesielt haldbare.

onsdag 13. oktober 2010

Sleit med å lyde

 Då eg kom heim i dag hadde yngstemann laga pizza.  Det passa godt, så fekk eg bruke tid på å lage frukt- og nøttebrøda s. 73 i Schakenda si bakebok.  Eg trudde eg hadde alle ingrediensane i hus, utanom graskarkjernar som eg ikkje fekk tak i.  Men valnetene som eg trudde eg hadde, var det heller ikkje råd å finne.  Det vart til at eg tok meir av vanlege neter.  Frukta var eg og raus med.
 Ein annan ting eg lurte meg til, var å ha vatnet litt varmare enn rett frå springen, kanskje 20-25 grader.  Med 200 g surdeig og 1/2 pk gjær heva faktisk deigen seg opp til kanten på ein time.
 Eg forma brøda.  Dei fekk stå og heve ein time medan eg  var på butikken og kjøpte mellom anna ost, druer, mandarinar og pærer.
No står det berre att å smake på dei!

tysdag 12. oktober 2010

Futt og fart!

 Då ser de tydeleg at det er futt i surdeigen.  I dag kom eg seint heim, og eg skal ut på tur, så bakinga får vente til i morgon.  Det er ikkje så mykje arbeid med bakinga.  Ein lagar raskt ein deig medan ein kokar middag, men ein må vere der å passe på.  Dersom eg held fram med å bake på denne måten, så vil eg nok lære kor lang tid det tek.
I morgon håper eg å kome sterkt tilbake!

P.S.
No har eg altså ferdig surdeig, så om nokon på Hareid har lyst på ein bit, er det berre å gje meg eit vink.  De veit kvar eg er på dagtid, og om ettermiddagen skal eg ha meg ein snartur på butikken ...

måndag 11. oktober 2010

Der det er liv, er det håp!

Det er spennande med surdeigen!  Eg har tru på at eg skal få det til denne gongen.  Målet er å lage frukt- og nøttebrødet side 73.
Dette bildet har de sett før.
Dagen etterpå hadde deigen heva seg i den minste Espelidbollen.
Deigen fekk heve i eit glas denne gongen.  Eg vog opp ingrediensane, dei ca 100 g sikta rug  som eg let vere akkurat 100 g, var nok litt i meste laget.
Men den litt for faste deigen såg og lukta akkurat som han skulle.  Legg merke til mi nye oppfinning: Ein strikk for å halde plastfolien på plass.

I morgon skal surdeigen vere klar til bruk.  Schakenda skriv to stader 1-2 dagar.  Eg trur ein dag er nok på mitt kjøken der det sikkert er godt og varmt på dagtid.  Men ein treng ikkje bruke surdeigen den dagen den er ferdig, slik eg forstår det kan det vere ein fordel å "friske han opp" ein ekstra gong.  I morgon er eg truleg heime berre eit par timar om ettermiddagen, så bakinga får vente. 

Kvardagen kallar

Ferie er for meg å sleppe å gå etter ein timeplan.  Men når kvardagen kjem, er det lett å falle inn i gamle mønster.  Måndagar er biblioteket langope til 19.00, så då høver det godt å stikke innom på veg til butikken.

I dag leverte eg inn tre bøker og lånte ei ny.  Eg har ikkje lese noko av denne forfattaren før.