laurdag 13. november 2010

Siste innlegg på denne bloggen?

Om eg startar opp att, vil tida vise!  Slik det er no, får eg ikkje laste opp bilde utan å betale for meir lagringsplass.  Prisen er grei, men eg er skeptisk på å gje informasjon om bankkortet mitt.  Viss andre har gjort dette og det har fungert greit, så vil eg gjerne høyre om det!

Men kanskje det er tid for fornying?  Eg har laga meg ein ny blogg på mi eiga hotmailadresse.  Denne bloggen finn de her.  Når eg får tid, skal eg kose meg med "utforming".

No håper eg at blogglesarane vil følgje meg på den nye bloggen og etter kvart legge den på blogglistene sine!

Farsdag på forskot

I år klaffa det, som det ofte gjer, at pappa har geburtsdag på farsdag.  Vi valde å feire dagen i dag.  Her gjeld det same prosedyre med julemiddag og kaker.

Eg har fleire bilde eg kunne tenke meg å dele medblogglesarane, men får ikkje lov av Google!  Eg må betale for større kapasitet!  Prisane er det ikkje noko å seie på, men eg forstår ikkje korleis eg skal gjere det!  Er det nokon der ute som kan forklare meg?

fredag 12. november 2010

Brødhistorie

Denne veka har eg kome heim att sist kvar dag.  Andre har laga middag, og eg har berre baka eitt brød i maskina for å halde liv i surdeigen. Når vi driv med lefsebaking, er det interessant å lese litt bakehistorie.  I denne boka kan ein t.d. lese kva ei bestyrerinne på ein  "husholdingsskole" skriv:

Gammel vane er vond å vende
Det er nok dessværre saa, at man endnu ikke forstaar den Kunst at bage et godt Ovnsbrød, det bliver gjerne for tungt og ufordøyeligt, og det er ikkje for ingenting at Turisterne klager jammerlig over det Brød, som de oftest faar på Landsbygden.  Befolkningen selv lider ogsaa derunder; de paadrager sig ofte Kardialgi og andre Maveonder, og saa foretrækker man heller at kjøbe sit Brød færdigbagt end at have det Bryderi at bage det selv og løbe Risikoen ved at faa et daarligt Brød.

Slik kan det ikkje halde fram meiner ho.  Til det er brødbaking alt for viktig.

Brødbagning i Hjemmene maa blive mer almindelig ; man faar lære sig til at bage et sundt og godt Brød.

Husmødrene var flinke med kakebakst, så ho meinte dei måtte lære seg å bake brød heime.  Året er 1898.  Dårleg korn, eller rettare sagt korn med dårleg bakeevne, fekk skulda.  Folk heldt fram med å lage flatbrød og hellebrød.

torsdag 11. november 2010

Lefsebaking

Nokre årvisse hendingar vert nok gjengangarar på bloggen.
I dag starta vi med lefsebaking på skulekjøkenet. Kvar haust dei siste 11 åra har vi fått hjelp av besteforeldre til å bake.  Ei og anna gamletante og oldemor dukkar opp, og ein og annan bestefar, men bestemødrene er i fleirtal.

Eg kan ikkje legge ut bilde anna enn av meg sjølv.  Her finn de fleire frå 2007.

I fjor hadde vi besøk av avisa.

Oppskrifta vi bruker finn de her.

onsdag 10. november 2010

Skulerestaurant

denne skulen får elevane servert varm lunsj kvar dag.  Dei fekk servert fisk to gongar i veka.  Sjekk denne retten. Det kostar mindre enn kva ein får i barnetrygd for eit barn kvar månad.  Ein kan diskutere fram og tilbake fordelar og ulemper med "gratis" skulemåltid.  Eg beit meg merke i ei erfaring, den same som vi gjorde oss den tida vi betalte for skulefrukt, nemleg at ungane ville ha meir av denne maten heime.

tysdag 9. november 2010

Bok 52: Finsk krim på nynorsk

Høyrest ikkje det spennande ut? Det syntest i alle fall eg!  Nynorsk krim har eg ikkje lese før.  Dessverre spørs det om det vert både første og siste gong. Verken miljøet eller mordgåta fengja meg.

Forfattaren fekk Glassnøkkelen i 2007 for beste nordiske krim i 2007. Blogglesarane må gjerne lese og legge ned protest!
P.S. Eg hadde med boka då eg var vikar lesetime, slik at eg kan lese saman med elevane. De kan no gjete kva fjortisane fekk ut av namnet til forfattaren.

måndag 8. november 2010

Det beste i livet er gratis?

På jobb går vi inn i ein av dei travlegaste periodane.  Eg kom fram til at i dag var einaste sjansen eg hadde til å nå biblioteket i byen i opningstida. Og sjå kor heldig er var!  Bibliotekaren stadfesta at dei som begynner å lese Indridason, vert hekta.  Siste Lindell gler eg meg også til! 

Det andre ærendet var å kjøpe lang dundyne til yngstemann.  Eg veit ikkje kva slikt skal koste, men reknar med at halv pris på Kid er det ein må gi.  No har det nye sengesettet kome i vaskemaskina. 
Haustserviettar hadde dei ikkje selt mykje av i år, ikkje så rart kanskje?  Vinteren kom brått på oss.  Serviettsamlinga mi vart to pakkar rikare, så har eg meir å velje i neste gong eg dekkar haustbord.

søndag 7. november 2010

Bok 51: Mykje nordisk krim for tida

No må eg berre bryte saman og tilstå: Eg hadde begynt på ein annan roman, men klarte ikkje å halde meg unna Indridason sine krimbøker.  Dette er den nest siste, trur eg.  Då har eg hoppa over eit par, men det får våge seg.  Eg les dei når eg finn dei.

Kvifor likar eg desse bøkene?
- Menneska og miljøa er godt skildra.  Dei er truverdige.
- Krimhelten sitt privatliv er interessant og relevant.

I Fjellet er forsvinningar og sjølvmord det dreiar seg om. Kan ein drive eit menneske til sjølvmord?  Boka kan også lesast som eit apropos til Åndenes makt. Det meste har ei naturleg forklaring...

I går var eg innom biblioteket.  Eg held på å lese noko så sjeldan som ei nynorsk krimbok omsett frå finsk.  Noko meir enn ei papirbok rekk eg vanlegvis ikkje å lese i månaden.Men då eg såg andre boka i den danske serien, måtte eg berre ta den med heim.  Så no må eg vere flink å sette av tid til å sitte å lese!

laurdag 6. november 2010

Lammefrikassé

I dag slo eg til med søndagsmiddag på ein laurdag.  Journalisten, som gjerne vil ha gammaldags mat, skal til Molde i morgon.  Eg tok opp eit par kilo lammekjøt frå frysaren torsdag kveld.  Dette kjøtet kokte eg saman med 1 4/4 l vatn, 1ms salt og heil pepar.  Ta vekk skummet før du har i peparen.  Nokre gulrøter, løk og purrerestar fekk og koke med i krafta.

Medan dette fekk koke på svak varme, gjekk eg meg ein tur på biblioteket.  Det er godt å få vere ute i dagslys!
Eg bruker å lage saus av noko av krafta.  Her kan ein velje ein mager variant med ristejamning, eller som meg, starte med meierismør og mjøl og spe med krafta.  Smak til med meir pepar og eventuelt salt.  Blogglesarane har kanskje sine eigne tips for denne sausen?

Her i huset er grønsakpanna som regel like stor som potetpanna.  Eg la gulrøter, rabbebitar og kålskiver i botnen av panna.  Desse dekte eg med kraft.  Brokkolien fekk dampkoke på toppen.  All kraft vert spart til suppe seinare.

Server med poteter!

Viss ein skal servere denne retten til mange og der er mange born blant gjestene, kan ein gjerne lage store kjøtbollar til.

Linsepus

Eg var på veg ut på altanen for å ta eit bilde av veret på Sunnmøre, slik at dei som er på Kongsberg kan få sjå korleis veret er heime.  Men der var ei som ville vere med på bildet!  Kanskje bildet er like kjekt for gutane som var her i sommar og kosa med dyra?

fredag 5. november 2010

Noko fint og noko godt

 Ein må unne seg både noko fint og noko godt til helga.  I morgon disponerer eg ikkje bil.  Frøkna skal på fotballcup, og faren skal køyre.  Så eg handla til helga i dag.  Fredagane stikk eg gjerne innom Floriss.  Ærendet i dag var gravlys til søndag.  Det er lenge til eg skal begynne å tenke på jula, har eg bestemt meg for.  Men amaryllis må kjøpast i god tid. 

Ein kollega fekk smake frukt- og nøttebrødet mitt i dag, og ho meinte det smakte Schakendabrød.  I dag laga eg ein liten deig som vart knadd i brødbakemaskina, men heva i ein bakebolle.  Brødet var med valneter, aprikosar og svisker.  No står to små brød til heving.

Ha ei fin helg!
P.S.
I Trines mektige matblogg, som eg har lagt til i blogglista mi, vil de finne oppskrifter på brød frå Åpent bakeri og Schakenda.  I tillegg er der mykje anna godt.

torsdag 4. november 2010

Hareid i fokus - igjen

Søndag kjem eit program vi lenge har høyrt rykte om.  Kanskje eg skal gjere eit unntak å sjå denne type program - sidan det kjem frå Hareid?

onsdag 3. november 2010

Resterettar og 5 om dagen.

I går var laga frøkna taco sidan ho kjem heim 1 1/2 time før oss andre.  I dag var der diverse restar frå denne middagen.  Eg laga sei i karrisaus til middag med restar av salat og paprika til dagens salat. Jusen frå ananasboksen blanda eg i jus laga i jusmaskina.  Men å var her kjøtdeig att i ei skål. Til kvedsmat laga eg derfor ein enkel pizza.  Dagens "kastedeig" gjekk i pizzadeigen, så slepp eg å bake brød.  Frysaren er nemleg litt full - igjen ...
Salat monnar ikkje så mykje når det gjeld 5 om dagen.  Anne monnar dreg, og med poteter til middag og gulrøter i jusen er ein litt nærare.  Frukt får ein som regel i seg nok av.  Her i huset går det mykje bananar og anna frukt.  Både gulrøter og rabbe er godt å knaske om hausten!

Tjuvjakt i Hareid

- eller jakta på tjuven - eller tjuveri av jakka
Blogglesarar i heile landet klikk dykk inn på Vikebladet og les!

tysdag 2. november 2010

Byggbrød

I går baka eg brød etter oppskrifta på baksida av byggmjølpakken.  Eg følgde oppskrifta nesten slavisk.  Det vil seie eg brukte mindre vatn enn 1,8 dl til 2 kg mjøl.  Sjølv om eg etterheva i over ein time, sprakk brøda mine litt likevel.  Det gjer kanskje ikkje så mykje.

Elles heva brøda omtrent som vanlege grovbrød.  Smaken var heilt grei.  I framtida vil eg nok blande litt fleire kornsortar i grovbrøda mine.  50% grovt er litt lite til kvardags, meiner no eg.

måndag 1. november 2010

Bok 50: Meir islandsk krim

For meg er vel dette det næreste ein kjem "slukebok".  Om innhaldet kan de lese her.

Det kan vere vanskeleg å seie eksakt kva ein likar med ei bok eller ein forfattar.  Felles for dei to bøkene eg har lese av denne forfattaren, er at dei rullar opp heller tragiske barndomshistorier.  Vi får også stadig meir innblikk i krimhelten sitt privatliv.

No har eg liggande dei to siste bøkene i serien.  Dei to biblioteka eg har vore innom, har ikkje hatt inne dei to i midten.  Eg har begynt å lese ei ny bok, men slit litt med å kome inn i ho, og så har eg desse to bøkene som freistar meir.  Men som eg har sagt før, så prøver eg å lese vanlege bøker innimellom krimbøkene...